Omtale
Romanserien Juvikfolket kom ut i seks band i åra 1918-23. Den følger slekta frå Juvika frå ei mytisk og ubestemmeleg fortid, og fram til det som var samtid då verket kom ut. Vi møter juvikingane i kvardag og helg, uår og godt år, barnsøl og gravøl, på fiske og i arbeid med jord og dyr. I Storbrylloppet opplever vi Duun på sitt mest burleske. To familiar med kvar sine verdisett og ambisjonar blir vikla inn i og ut av kvarandre i hendingar som fører fram til eit gedigent dobbeltbryllup. Ein handletur til byen er eitt av høgdepunkta; shop till you dropp er visst ikkje berre eit notidig fenomen.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.