Omtale
Biografien til garden VesÃ¥s i fjellbygda Vinje er mykje meir enn ei gards- og slektshistorie. I «Store spel» skildrar Arne Vinje verda gjennom garden. Han fortel om særprega personar, tragiske lagnader, handverk, kunst og sterke tradisjonar, men ogsÃ¥ om korleis garden og bygda gradvis blir del av større politiske og økonomiske samanhengar og løyste frÃ¥ sine opphavelege føresetnader. Garden VesÃ¥s har ein plass i norsk litteraturhistorie fordi Tarjei Vesaas voks opp der, og garden viser att i forfattarskapen hans. Boka om VesÃ¥s granskar korleis denne garden kunne fostre ein av dei fremste norske forfattarane i det førre hundreÃ¥ret, korleis ein Ã¥ndeleg gigant som Aasmund Olavsson Vinje kunne vekse fram i den same bygda og kvifor folkekulturen blømde sÃ¥ rikt i eit materielt fattig samfunn. Grunntemaet er korleis folk tek i bruk eigne ressursar, formar omgjevnadene sine, og korleis dei sjølve blir forma av den naturen dei er del av – vekselspelet som Tarjei Vesaas kalla «det store spelet».
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.