Omtale
Kvar kan Rusken bu? – Sett den kassa før? spør Gro. Gunnar rister på hovudet. Noko pip frå kassa. Nokon klynkar frå kassa. – Kva kan det vere? spør Gunnar. Søskena Gro og Gunnar finn ei kasse. I kassa ligg det ein katt. Katten heiter Rusken og treng ein ny heim. Kanskje nokon i blokka deira vil ha ny katt? Og kan ein slange og ein katt bu saman? Vil du ha katt? er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.