Omtale
Kva rolle har katolisismen spelt for ideologi, symbol og ritual i den baskiske nasjonalistrørsla? I mange norskingar sitt medvit har den baskiske nasjonalismen framfor alt vore assosiert med motstanden mot Franco-regimet og frigjeringsrørsal ETA sin marxistiske retorikk. Men denne boka syner korleis den baskiske nasjonalismen opprinneleg plasserte seg mellom dei reaksjonære ideologiane i Europa kring det førre hundreårsskiftet, med klare fascistoide trekk. Framstillinga drøftar kristendomen sin plass i den baskiske nasjonalismen frå 1890–1914, men kan også lesast som eit apropos til vår tids debatt, der religiøs fundamentalisme først og fremst vert knytt til lågkyrkjeleg protestantisme eller islam.
Arbeidet byggjer på ei hovudoppgåve i historie.
Aase Norunn Digernes (f. 1973) er cand. philol. med hovudfag i historie (Universitetet i Bergen, 2000). Ho arbeider som lærar og er lærebokforfattar i historie for den vidaregåande skulen på Gyldendal Undervisning.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.