Omtale
Ein førtidspensjonert lærar er mistenkt for å ha stifta fleire brannar, men blei aldri tiltalt for dette. Da han nokre år seinare skal køyre over fjellet for å hente tinga sine der han arbeidde som lærar, blir han stansa av same politimannen som prøvde å få han fast for brannane. Det kan sjå ut som politimannen endeleg har fått eit høve til å hemne seg for at han slapp unna den gongen. Men ganske snart snur situasjonen til mannens fordel.Forklaring er eit forsøk på å gi eit bilde av hendingane og situasjonane som har drive mannen dit han er i dag. Det er lett å få sympati med han, men det er likevel noko som skurrar i det han fortel.
«Som lesar er ein ikkje der for å døme nokon. I staden er ein der for å kjenne trykket i teksten og følgje svingane i det stilsikre, men likevel levande og lunefulle språket til Hagen, der lange, medvitsstyrte setningar kan skifte frå handfaste gjerningar og skuldingar til meir svevande refleksjonar i ei vending. Det gjer novella engasjerande både som ei forteljing om hemn og skuld og truverd, og som ein slags fabel om utviklinga i Bygde-Norge.»– Eivind Myklebust, Klassekampen
«Intelligent og kostelig … [F]avner både spørsmål om identitet og aktuelle utviklingstrekk i dagens samfunn … Dypest sett dreier det seg om å søke tilflukt for mørke tanker i barndommens rike.»– Vigdis Moe Skarstein, Adresseavisen
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.