Omtale
Politikk – og personleg historie
Bård Vegar Solhjell blei vaksen då Berlinmuren fall. Hans politiske liv blei påverka av den optimismen som prega Europa i åra som følgde. No ser han at utviklinga går motsett veg, med arbeidsledighet, framvekst av totalitære regimer og ein flyktningsituasjon ingen har kontroll på. Den tidlegare statsråden, SV-nestleiaren og stortingsrepresentanten kjenner ei uro. Kanskje krev den nye tida nye svar? I denne boka prøvar han å skissere desse svara. Samstundes søkjer han bakover i tid. For Noreg og Europa har opplevd uro før. Han ser 80 år tilbake, mot bestefaren som sat i tysk fangenskap under krigen. Og han prøvar å sjå 80 år framover. Korleis vil Noreg og Europa vere da? «Bård Vegar Solhjell skriv klokt, klart, ryddig og ærleg. Han er eit søkjande intellekt av den typen det burde ha vore fleire av i politikken.» – Tom Hetland, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.